Gasslevering til Aker Solutions Stord 

Gasslevering til Aker Solutions Stord

No er gassleveringa i gang! Adm. dir Jan-Tore Elverhaug i Aker Solutions Stord hadde handa på gasskrana i lag med SKL sin konsernsjef Magne Heimvik, då den fyrste gassen vart levert til malarhallen ved Aker sitt produksjonsområde.

Opninga vart markert med ein enkel seremoni onsdag 19. november. Aker har venta på denne dagen, sa produksjonsansvarleg Einar Bjelland, og understreka med det kor viktig overgangen frå oljefyrte brennarar til naturgass er for verksemda.

-Dette gjev både økonomisk og miljømessig gevinst for oss, fortalde Elverhaug, og understreka det med å visa til at investeringa på ca 2.5 millionar kroner vil vera tent inn i løpet av nokre få år.

-Dette er berre første steget i ei meir omfattande konvertering frå olje til naturgass for oss, sa Elverhaug vidare.

For SKL er dette ein viktig dag. Konsernsjef Magne Heimvik orienterte dei frammøtte og pressa om kvifor selskapet har satsa på gassdistribusjon.

-Me ynskjer å vera ein komplett energileverandør i regionen, og Aker Solutions si klare melding om gevinstane understrekar at me har gjort eit rett val, når me bestemte oss for å satsa på distribusjon av naturgass. Når naturgass erstattar olje og diesel, er det både økonomisk – og ikkje minst miljømessig – fornuftig.

SKL har planar om ca 24 km hovud-røyrleidning i Stord kommune. Av dette er om lag 7 km ferdig. Aker Solutions er den fyrste kunden me leverer naturgass til seier Irene Aspen, fagansvarleg for naturgass i SKL. –Me har nokre tidlegkundar som me leverer propangass til i påvente av at røyrleidninga vert ført fram. Det har heile tida vore viktig å leggja gassrøyra i traséar som kan kombinerast med leggjing av fiberoptisk kabel, straumleidning eller kommunale leidningar som vatn og avlaup. Det gjev god totaløkonomi, og begrensar antal inngrep langs vegar og røyrtraséar.

Ferdig utbygd vil SKL kunna levera gass i området frå Sagvåg i vest til Rommetveit i nordaust. –Me vil levera til både næringsbygg, offentlege bygg og bustadeiningar der dette er naturleg, seier Irene Aspen. –Eit anna viktig område for gasslevering er transportsektoren,  der det er råd å oppnå både økonomisk gevinst og miljøfordelar.

Miljøgevinst

Gassleveringa til Aker vil åleine redusera miljøutsleppa med 32% CO2 og 75% NOX. (Overgang frå olje til gass). Partikkel og svovelutsleppa vert eliminert. Naturgass har også den store fordelen at han er lettare enn luft, og dermed langt sikrare enn t.d. propan, som er tyngre enn luft. Vedlikehaldskostnadane vil også vera mindre. Når ein etterkvart får tranportsektoren over på gass, vil miljøgevinstane bli store.

Tankanlegget på Eldøyane vert i dag fylt om lag ein gong i veka. Etterkvart som forbruket stig vil ein kanskje fylla kvar dag. I tillegg har SKL sikra seg ei 4 mål stor tomt i dette området, slik at det er råd å utvida tankanlegget i tråd med etterspurnaden. Det vil også vera råd å byggja tankanlegg for skipstrafikken på same tomta.

Gjer som oss.

Du trur kanskje at det er framtidsmusikk å køyra med gass på bilen. –Slett ikkje, seier Irene Aspen. SKL har nyss kjøpt inn to bilar som går på kombinert bensin og naturgass. Det var ein slik me køyrde til Aker med i dag. I tillegg har eg min privatbil, som også er kombinert bensin og gass. Eg sparar pengar og miljø kvar einaste dag, avsluttar Aspen.

Ho må inntil vidare fylla opp gasstanken i bilen sin på Flotmyr i Haugesund. Men i 2010 vonar me at det skal stå klar ein fyllestasjon også på Stord.

 

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as