Beredskapsøving på Stord
Onsdag 24. november skipa IFER (Interessefelleskapet for energiverkene i regionen) i samråd med fylkesmannen i Hordaland og Rogaland, og beredskapsavdelinga hjå desse, ei stor beredskapsøving.
Samtlege kommunar og energiselskap i regionen mellom Bergen og Stavanger var inviterte.

Kommuneleiing i Bømlo og Finnås Kraftlag i konsentrert arbeid
Samlinga talde ikkje mindre enn 70 personar frå kommunar og energiselskap.
Øvinga har fått stor merksemd hjå fylkesmann og kraftbransje. Både Lars Sponheim og kraftbransjens distriktssjefar, Atle Neteland og Åshild Helleland, deltok under heile øvinga.
Aktuell problemstilling
Scenarioet som var omtalt i øvinga var bortfall og rasjonering av elektrisk kraft. Det var lagt opp til to ulike oppgåver. I første omgang skulle energiselskap og beredskapsleiinga i dei enkelte kommunar finna fram til korleis ein skal takla informasjonsbehov, og etablering av beredskap dei 4 første timane etter eit stort straumutfall som mørkla heile regionen. Energiselskapa vart utfordra på korleis dei ville informera om eit langvarig straumbrot, og kommunane om korleis ein skaffar seg oversikt, og lagar planar for informasjon og løysing for å trygga innbyggjarane. I ein situasjon med redusert tilgjengeleg kraft, vil energiselskap måtte rasjonere energi, dette vil innbyggjarane oppleve ved at dei må spare på forbruk.
Ein vil erfare at det i verste fall blir tidvis fråkopla straum. Kommunane har ansvar for at kritiske samfunnsfunksjonar vert ivaretatt og må prioritere kva funksjonar som blir tildelt strøm.
Sjølv om dette var ei såkalla skrivebordsøving, der ein ikkje har reelle eller praktiske øvingar i feltet, viste problemstillingane at det er stort behov for god kommunikasjon mellom kommuneleiing og energibransjen.
Mykje er godt
Det er mykje godt å registrera når eg vitjar dei ulike gruppene i øvinga, konkluderer fylkesmannen. Men her er også ting å ta tak i, og som kan betrast! Han rosa tiltaket som IFER hadde stelt i stand.
Dette kan skje!
KDS Atle Neteland oppsumerte etter øvinga at det er viktig å øva på korleis ein taklar eit stort og langvarig straumbrot. Dette kan skje, sjølv om situasjonen ikkje er fullt så anstrengt i Sunnhordlandsregionen som me erfarer i Bergensområdet, konkluderte konsernsjefen frå BKK.

KDS Atle Neteland