Konsesjon til Havsul I 

SKL er medeigar i selskap som får byggja den første store offshore vindmølleparken i Noreg

Vestavind Offshore AS fekk 10. september konsesjon for å byggja Havsul I, den første fullskala offshore vindparken i Noreg. SKL eig 15% av selskapet.

-Saman med seks andre energiselskap i Vestlandsalliansen er SKL i ein fantastisk posisjon, der me kan bli pionerar innan offshore vindkraft, seier administrarande direktør i SKL Produksjon Arne Engevik.

Havsul I er eit gigantprosjekt innan vindkraft. Men full drift vil 178 vindmøller produsera 1TWh(terrawattime), eller straum nok til 50.000 hustandar. Målsetjingane om at Noreg skal vera ein stor energileverandør – også etter oljealderen, treng prosjekt i denne storleiken. I den seinare tid har det vore fokus på at mykje av vindkraftsatsinga føregår i utlandet. Dette er SKL saman med partnarane i Vestavind Offshore AS klare til å gjera noko med. Det er eit viktig bidrag til å nå klimamåla våre. I tillegg vil det vera store muligheter for leverandørindustrien i regionen vår til å utvikla seg i retning av leveransar til slike utbyggingar.

Utbygging av Havsul I ligg rett nok eit stykke fram i tid, då ein er avhengig av større statlege støtteordningar. I tillegg vil ein ha behov for samarbeidspartnerar for å kunna realisera prosjektet.

Saman med konsesjonen til Havsul I gjev også Olje- og energidepartementet løyve til å byggja kabel frå Havsul I til Nyhavna i Aukra kommune. Dette vil vera eit viktig bidrag til å betra den vanskelege kraftforsyninga i Midt-Noreg.

Vestavind Offshore AS er  eigd av BKK(45%), SKL(15%), Haugaland Kraft(15%), Tafjord Kraft(15%), Sogn og Fjordane Energi(6,5%), Sunnfjord Energi(2,5%) og Sognekraft(1%). Desse selskapa utgjer tilsaman Vestlandsalliansen. 

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as