Kraftlina til Midtfjellet 

300 kV lina frå Børtveit til Midtfjellet – godt i gang.

Midtfjellet Vindpark skal etter planen starta opp produksjonen av fase 1 den første september 2012. Då må den nye 300 kV kraftlina vera klar. Den skal syta for at vindparken kan levera den miljøvennlege energien sin inn på sentralnettet. SKL har fått konsesjon – og oppdraget med å byggja og driva den 9,7 km lange lina som skal binda saman vindparken med sentralnettslinja som går forbi  Børtveit i Stord kommune. Der vert lina knytt saman med det øvrige sentralnettet, og straumen som vert produsert i Midtfjellet Vindpark, kan såleis finna vegen til heile landet, ja utlandet med. Men kraftlineprosjektet er meir enn 300Kv luftline, sjølv om det kanskje er den som synest best, og har fått mest fokus.

Koplinggstasjon og jordkabel

På Børtveit skal det byggjast ny koplingsstasjon, på Midfjellet vert det bygd ny transformatorstasjon, 300 / 66 kV og det vert lagt ein ny 66 kV jordbabel på på 5,5 km lengde frå Midtfjellet til Årskog transformatorstasjon i Fitjar kommune. På denne måten vert heile det overliggjande forsyningsnettet for ytre Sunnhordland styrka gjennom dette prosjektet. Det vert ein ny tilførsleveg for straum til regionen, og forsyningstryggleiken vert auka.

Veg og koblingsanlegg

For å koma til med arbeidet  med å byggja ny koplingssasjon, er det bygd 1500 meter ny anleggsveg frå Svartavatnet ved Børtveit og fram til Børtveit koblingsanlegg,som ligg på Nedre Steigen, der det blir planert opp eit område på 3 mål. Prosjektleiar Henry Damman som har ansvaret for denne delen av prosjektet fortel at ein er komen godt i gang. Den våte hausten har rett nok stukke nokre kjeppar i anleggshjula, men totalt sett er ein på prosjektfart. Arbeidet vert utført av Sagenes Maskin som har hatt opptil 8 maskiner og 10 mann i arbeid.

300 kV kraftlinje og helikopterarbeid

Arbeidet med mastefundamenta er godt i gang. Når fundamenta er ferdigstøypt kan arbeidet med mastereising ta til. Nær alt av dette arbeidet vert utført med helikopter. Også linetrekking vert utført med helikopter. Dette er presisjonsarbeid som krev mykje av både helikopterpilot og bakkemannskap. Me har valt entreprenøren One Nordic Kraftmontasje, som har røynde folk til slikt arbeid, så me føler oss trygge på at dette skal gå greitt, fortel Damman. Men det krevs heile tida tett oppfylgjing frå SKL sine folk også. Her må alt vera på «stell».

 

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as