Naturgass fyllestasjon
SKL har gjort vedtak om å bygge naturgass fyllestasjon for bilar på Stord.
SKL har ei tid arbeidd med å utvide naturgass tilbodet i Stord kommune, og med stor hjelp fra HOG (Hordaland Olje og Gass) og kommunen er det no råd å realisere planane om CNG fyllestasjon.
Etter vedtaket i formannskapet 10.03.10 om overgang til naturgass bilar, er dei siste brikkene på plass for å kunna setje i gang arbeidet med stasjonen.
Vi vil i nær framtid bestemma oss for lokalisering, design og produsent av stasjonen.
Naturgass som drivstoff i bil reduserer CO2 utsleppa med 25% i forhold til bensindrift og 10 – 15 % i forhold til diesel. Den reduserer også NOx utsleppa med 75-90%. Det er ikkje svovelutslepp eller støv/partilkkelutslepp frå naturgass.
Å bruke naturgass som drivstoff for bilar eit godt miljøtiltak.

Prosjektleiar Henry Damman er svært godt nøgt med vedtaket i Stord kommune og ser fram til å koma i gang med bygginga av stasjonen