SKL delte ut pris til ungdomsbedrift
Ungdomsbedrifta «Ta grep» fekk prisen for forretningsutvikling under Nyskapingskonferansen 6. mai. Konferansen vert arrangert av
Atheno AS, SNU AS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Prisen som er finansiert av SKL vart delt ut av konsernsjef Magne Heimvik. Han ynskte jentene, ja for alle medlemmene i ungdomsbedrifta «Ta grep» er jenter, lukke til vidare.
Produktet dei har utvikla er eit handtak som kan brukast på plastposar, slik at ein ikkje får sår i nevane når ein ber tunge posar. I tillegg kan handtaket nyttast til å sikra handlenettet i bagasjerommet i bilen. Jentene er elevar ved Bømlo vidaregåande skule. Prisen er på kr. 10.000,-