"No kan eg endeleg kjøpa det utstyret eg ikkje har hatt råd til før" seier ein nøgd prisvinnar. Bjørn Tarberg (27) tok i mot halvdelen av Kvinnherad kulturfestival sitt stipend under opninga av festivalen på Husnes torsdag 12. februar. Den andre prisvinnaren, Dag Sørensen, var ikkje til stades under utdelinga, og Gøril Guddal tok i mot prisen på hans vegne.
Ordføraren i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, stod for utdelinga av stipendet. Verksemdleiar for kultur og fritid, Kristian Bringedal, leia tilstellinga, der Dag Eirik Eikeland frå SKL fekk helsa prisvinnarane frå sponsorane si side. Han understreka at eit frodig næringsliv er avhengig av eit minst like frodig ånds- og kulturliv.
SKL legg stor vekt på at sponsorarbeidet er retta mot eit breitt utval av kultur og idrettsaktivitetar.
Prisvinnar Bjørn Tarberg kvitterte med to nummer gitarspel, der det eine var sjølvkomponert. Også elevar frå Sunnhordland folkehøgskule underheldt under tilstellinga.