SKL sentral i vegoppgradering
Fylkesvesveg 59, Verftsvegen på Stord vart nyopna mandag 25. mai kl 11. Varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen stod for snorklyppinga.

SKL har hatt ei sentral rolle i dette store prosjektet som tilsaman har kosta 22 millionar kroner, fortel prosjektleiar Henry Damman.
SKL Nett AS har lagt ned doble 22Kv kablar som skal styrka leveringstryggleiken i heile området. Vidare er alt distribusjonsnett som tidlegare gjekk i luftspenn, no lagt i grøft. Gassrøyra som forsyner AKer Solutions Stord med naturgass frå SKL Marked AS ligg i same grøftetraséen, i lag med breibandsfiber frå same selskapet. På toppen av det heile har Stord kommune lagt ned ny vassforsyning. -Eit verkeleg godt eksempel på at det er råd å samarbeida om infrastruktur-bygging, understrekar Damman.
-Denne gongen er det fylkeskommunen som må takka for eit nytt fylkesvegprosjekt, sa varafylkesordføraren under opninga, og hadde med blomehelsingar til prosjektleiaren, og ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.

Frå venstre: Petter Sivertsen, Statens Vegvesen, Henry Damman SKL, varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen og ordførar Liv Kari Eskeland
Verftsvegen har vorte ein mykje tryggare veg for alle trafikantar, ikkje minst dei "mjuke" som har fått ein brei og trygg gang- og sykkelsti. Prosjektleiaren rosa elevane ved Langeland skule for framifrå oppførsel under den hektiske anleggsperioden, og entreprenøren Byggekompaniet AS som hadde svært god logistikk på arbeid og maskinpark.