Småkraftutbygging i Tverrelva 

Småkraftutbygging i Tverrelva

Ei gruppe grunneigarar på Haugland og Kjerland i Uskedalen og Sunnhordland Kraftlag (SKL) har inngått avtale om at ein i fellesskap skal greia ut om det er råd å byggja eit småkraftverk i Tverrelva.

Ifylgje avtalen skal SKL greia ut fleire prosjektalternativ og søkja konsesjon for utbygging.

I utgangspunktet vil ein sjå på 2 hovudalternativ:

Inntak i Tverrelva om lag på kote 530
Inntak i Mannsvatnet med ei regulering tilsvarande den som var for det gamle Kjerlandsverket.
Andre alternativ kan også verta utgreidde.

Tverrelva

Dersom det vert gjeve løyve til utbygging, skal SKL skipa eit eige selskap som skal forestå utbygginga. Grunneigarane har høve til å eiga inntil 49 % av aksjane i dette selskapet. I tillegg til eventuelt aksjeutbyte vil grunneigarane òg få ei godtgjersle for utleige av fallrettane i elva.

Denne avtalen varer i 40 år.

Det nye kraftverk vil truleg få ein installert effekt på om lag 3,5 MW, og produsera 15 - 20 GWh, alt etter prosjektalternativ. Ein reknar med utbyggingskostnader på mellom 30 - 40 mill. kroner.

Det er ikkje fyrste gong det vert bygd kraftverk i Tverrelva. I 1944 bygde Kvinnherad Kraftverk eit verk plassert i Kjerlandslio som fekk namnet Kjerlandsverket, og som utnytta fallet om lag frå kote 360 og ned til kote 100. Dette kraftverket var i fleire år den viktigaste kraftkjelda til Kvinnheradsbygdene. Verket var i drift til utpå 1970-talet, då maskineriet havarerte. I tida som har gått sidan då, har det vore arbeidd med planar om ei ny utnytting, men det var fyrst då småkraftverk kom i nytt fokus for nokre få år sidan at planane skaut fart og vart meir konkretiserte.

Det vil venteleg ta eit par år før ein konsesjonssøknad kan verta godkjend. Deretter ser ein føre seg ei utbyggingstid på halvtanna til to år.

I konsesjonssøknaden vil det verta lagt stor vekt på å kartleggja verknadene for natur og miljø, og på tiltak som kan bøta på desse.


For meir informasjon om prosjektet kontakt:

Sunnhordland Kraftlag Dag Eirik Eikeland, tlf. 975 56 055
For grunneigarane Hans Reidar Kjærland, tlf. 997 01 819

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as