Stor suksess med "Barnas dag" 

"Barnas dag" - ein kjempesuksess

Avslutninga av Stordfest 2010 vart noko heilt spesielt. Ikkje minst for dei rundt 600 store og små som deltok på "Barnas dag". Alle barnehagane i Stord kommune var invitert til å koma ombord i den staslege seglskuta "Statsraad Lehmkuhl". Barna hadde i førevegen fått i oppgåve å laga teikningar. Desse vart hengt opp i teltet på land, og laga ei fin ramme rundt besøket på seglskuta.

-Me leigde inn Stord teaterlag, som tok på seg å laga skikkeleg sjørøvarstemning ombord. I tillegg stilte mange av våre eigne tilsette og sommarvikarar opp, og gjorde dagen minneverdig, fortel initiativtakar Charlotte Hageberg. Til dagleg er ho administrerande direktør i SKL Marked AS, men denne måndagen var ho heilt i sjørøvarmodus!

Barna fekk omvisning på skuta, og i tillegg ein "goodie-bag" med spåboble-blåsar, buff og badeball. Pølser, is og brus stod sjølvsagt på menyen.

 

-Tryggleik står heilt sentralt når ein har så mange barn samla. Til ei kvar tid var omlag 15 personar frå SKL med på å sikra at alle hadde det trygt og greit. I tillegg leigde me inn 2 dykkarar som låg klare i sjøen dersom uhellet skulle vera ute. Til alt hell fekk me ikkje bruk for tenestene deira.
Ei spesiell takk til Kåreviksmarka barnehage som har vore til god hjelp under planlegginga av "Barnas dag", avsluttar Hageberg.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as