Studentar på ekskursjon i Matre 

 
 

Kjære SKL

Tusen takk for støtta og tilrettelegginga til vår ekskursjon til Matre. Vi hadde ein kjekk og læreriktur, der vi fekk ei grundig og god omvisning på både Blåfalli Vik og Blåfalli III. At anlegga var ute av drift, gjorde at vi fekk sjå mykje meir enn om annlegget var i gang. På Blåfalli 3 haldt dei på med vedlikehald av ein synkrongenerator og vi fekk dermed sjå korleis slike generatorar ser ut, noko vi berre har sett på bilete så langt i studiet. Dette var første gong på 40 år at generatoren var oppe, så dette var ein sjeldan moglegheit for oss studentar til å sjå korleis ting ser ut i røynda. Vi vil og retta ein stor takk til Øystein Telnes og Raymond Sæle som gav ein flott omvisning og tok imot spørsmåla våre på strak arm.

Les heile brevet med bilete frå ekskursjonen ved å klikka her

 

SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as