Vasssfiks 09
Andreas Lokna
Kvart år arrangerer Institutt for vann- og miljøteknikk på NTNU i Trondheim ”Vassfiks”, eit arrangement kor representantar frå VA- og vassdragsbransjen treff studentar frå bygglinja på universitetet. I år var det Andreas Lokna som vart skipa attende til gamle trakter for å representere SKL.
Arrangementet var i år delt i tre bolkar: den fyrste innehelt korte foredrag frå studentar, universitet og bransje for å gi innsikt og for å freiste til val av ”rett” studieretning. Den andre bolken gjekk kort ut på pizza med tilhøyrande drikke til dei frammøtte og den tredje og siste bolken var open for ”mingling” – kor studentane kunne sno seg mellom 16 utstillarar frå mellom anna NTNU, SKL, BKK, Statkraft, COWI, SWECO og fleire VA-representantar.
Frammøtet slo alle tidlegare rekordar både på mengd deltakarar og innhald, og forelesningssalen som vart nytta måtte fylle opp trappene for å få sitteplass til alle. Likevel såg det ut til at alle frammøtte fekk nok av både pizza, brus og anna drikke. Etter foredraga og serveringa var det hektisk aktivitet på standane i dei nesten to timane som var sett av til ”mingling”.
Attendemeldinga frå arrangørane og deltakarane var god, og det kan sjå ut til at fleire studentar rettar seg inn mot vår bransje.

Nesten full sal. Ein straum av studentar ned til eit magasin med grøne bruskassar.

SKL nytta ikkje billige ”give-aways”, berre ein febersjuk og langtreisande medarbeidar, som her meir enn villig poserar for fotografen.