|
|
Vellukka SNU-plass
Rundt 60 gjester med røter i Sunnhordland var tilstades på Nattergalen Bar & Kjøkken i Trondheima torsdag kveld. Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland og varaordførar i Fitjar, Gisle Levåg ynskte velkomen. Dei var saman med SNU vertskap for kvelden. |
|
|
|
Aker Solutions, SKL, Akvator, HSH og Link Signatur var med og marknadsførte seg som framtidige arbeidsplassar til dei frammøtte. Spanande jobbar i internasjonale verksemder, muligheit for sommarjobbar og bachelor- og masteroppgåver var hovudbodskapen til studentane.
Fleire studentar nytta sjansen og knytta verdifull kontakt med mogleg framtidig arbeidsgjevar.
Mellom bedriftspresentasjonane vart det tid for litt musikk ved Håkon Vatle og Bjørn Bunes, samt god mat og drikke.
Men ikkje minst var det viktig å få tid til ein drøs og høyra litt om siste nytt heimanfrå. To heldige studentar vann også trekninga om eit halvt års abonnement av Bladet Sunnhordland. |
|
|
|