Ver med å redusera straumforbuket! 

Ver med å redusera straumforbruket!

Laurdag 4. og søndag 5. juni skal det utførast eit større oppgraderingsarbeid som vil betra forsyningstryggleiken i det overliggjande straumnettet i ytre Sunnhordland.

Truleg vil kundane ikkje merke noko til dette arbeidet, men det er mindre kapasitet i nettet, og nettselskapa i området har planar for ei eventuell periodevis utkopling av straum desse to dagane dersom det vert naudsynt.

Kvar enkelt av oss kan medverke til at risikoen for utkopling vert mindre ved å spara på straumuttaket.

Sidan det er sommarleg i veret, kan du gjerne fyre opp grillen i staden for komfyren.
Det er helg, og klesvasken kan kanskje vente til det vert kvardag igjen. Pass på at det ikkje står unødig elektrisk varme på.

Alle kan gje sitt bidrag - stort eller lite - til at dette går heilt fint.


 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as