Godt rusta for framtida 

 

Godt rusta for framtida

– Ved å bli eit konsern med fire selskap, har me fått eit SKL som er framtidsretta og meir fokusert på kundane våre.

Frå årsskiftet går Sunnhordland Kraftlag frå å vera eit integrert selskap til konsernet SKL AS. Under seg har morselskapet tre dotterselskap. SKL Marked har ansvar for alle kunde- og marknadsrelaterte oppgåver. SKL Produksjon driv kraftproduksjon og framskaffing av ny produksjon - som alltid har vore berebjelken til energiselskapet. SKL Nett har ansvar for alle monopoloppgåvene og syt for framføring av elektrisitet i regionen.

Me ønskjer ein framtidsretta organisasjon som legg betre til rette for utvikling av dei ulike aktivitetane i konsernet, og som er meir fokusert på kundane våre. Ved å spissa kompetansen i kvart av dei fire selskapa, skal me bli endå betre innanfor dei ulike forretningsområda våre.

Konsernetableringa er ei naturleg utvikling av SKL. Selskapet har dei siste åra satsa på nye forretningsområde som breiband, naturgass og IKT, samstundes som eksisterande aktivitetar innan energiproduksjon har blitt utvida med blant anna satsing på småkraft og vindkraft. Med oppkjøp av distribusjonsnettet for straum i Stord i 2007, vart SKL ein komplett energileverandør - noko som har vore eit mål lenge.

Me fekk etter kvart mange ulike aktivitetar samla under eitt tak. Og mens me før berre hadde kraftlaga i regionen som kundar, har me no fått mange eigne kundar på straumnett, breiband og gass. For å kunna tilby dei beste produkta og tenestene, og gje kundane våre best mogleg service, var det behov for å endra på selskapsstrukturen.

Kundane vil oppleva at me blir meir profesjonelle i kundehandteringa vår, ved at me samlar all kunderelatert aktivitet i eit eige selskap. Me skal gje kundane betre produkt og betre oppfølging.

Sunnhordland Kraftlag og SKL har i alle år vore nytta om kvarandre. Heretter vil vi sterkare profilera konsernet SKL.  Me føler SKL er eit kjent omgrep, som har ein god klang i regionen.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as