Årsrekneskap 2010 for konsernet SKL 

 

ÅRSREKNESKAP 2010 FOR KONSERNET SKL

 

Etter ei årsomsetning på 1 175 mill kr, fekk konsernet SKL i 2010 eit resultat etter skatt på 228 mill kr. Resultatet er 43 mill kr høgare enn i 2009.

Driftsresultatet i 2010 vart 511 mill kr mot 410 mill kr året før. Resultatet før skatt vart 487 mill kr, mot 395 mill kr i 2009.

Skattekostnaden for 2010 er rekna til 259 mill kr, mot 210 mill kr i 2009.

Drifta gav i 2010 eit resultat som var 101 mill kr høgare enn i 2009. Hovudårsaka er høgare dekningsbidrag frå kraftproduksjonen.

Av driftsresultatet på 511 mill kr, kjem 442 mill kr frå kraftproduksjonen.

Samla kraftproduksjonen i 2010 var 1416 GWh, som er 13% under eit midlare år. Gjennomsnittleg systempris på kraftbørsen Nordpool var 42,5  øre per kWh, mot  30,6  øre per kWh året før.

SKL har eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og på Haugalandet, samt distribusjonsnettet i Stord Kommune. Dette er det nest største forretningsområdet i konsernet. Dei ulike nettnivåa har god leveringstryggleik. Leveringstryggleiken skal i åra framover ytterlegare styrkast gjennom oppgradering og reinvestering.

Dei nye forretningsområda breiband, naturgass og småkraft er i positiv utvikling, og dei er møtt med stor interesse i marknaden. Breiband har fin vekst og gode resultat. Det er bygd ut 28 km røyrleidning for distribusjon av naturgass. SKL sitt småkraftengasjement har ei omfattande kontraktsportefølje med samla produksjonspotensiale på over 300 GWh. Konsernet SKL si vindsatsing skjer igjennom Vestavind Kraft AS og Vestavind Offshore AS.

Det har vore stor investeringsaktivitet i eigne varige driftsmidlar, samla 146 mill kroner, herav 31 mill i SKL Produksjon og 29 mill i SKL Nett.

SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og gjennom NAV hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Erfaringane med dette samarbeidet er svært gode, og det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapeleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Sjukefråværet var i 2010 på 2,2 % mot 2,5 % året før.

Konsernet SKL har, på same måte som i 2009, bestått av morselskapet Sunnhordland Kraftlag AS og dei tre dotterselskapa SKL Nett AS, SKL Marked AS og SKL Produksjon AS.

Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 40,9 % av bokførte historiske verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.

Årsrekneskapen vart handsama i styret 14. mars 2011. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på om lag 171 mill kr. Generalforsamlinga vert halden 15. april.

 

KONTAKTPERSONAR

 

Konsernsjef Magne Heimvik                  53 49 60 00 / 97 55 60 65

Økonomisjef John Martin  Mjånes          53 49 60 00 / 97 55 60 09

Informasjonsleiar Jan Petter Myhre        53 49 60 66 / 97 55 60 66

 

 

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as