Innføring av EL-SERTIFIKAT 

 

Innføring av elsertifikat frå 01.01.2012

Kva er elsertifikat?
Frå nyttår innfører Stortinget elsertifikatplikt på kraftleveransar i Norge.  Elsertifikat er ei økonomisk støtteordning for å få bygd ut meir kraftproduksjon frå fornybare energikjelder, som vatn, vind, sol og bioenergi.  Ordninga trer i kraft 1. januar 2012, og vil vere felles for Norge og Sverige.

 

Korleis  fungerer ordning?
Elsertifikat skal stimulere til auka produksjon av fornybar energi.  Kraftprodusentane får  tildelt elsertifikat  for den mengda ny fornybar elektrisitet dei produserer.  Alle straumleverandørar er lovpålagd  å kjøpe elsertifikat  frå produsentane, og tek  betalt for denne ekstra kostnaden over straumrekningen.

Hva tyder dette for deg?
Eit  gjennomsnittshushald (som nyttar 20 000 kilowattimar i året), vil totalt i 2012 måtte betale 100 - 200 kroner meir i straumregning grunna elsertifikatordninga.

Prisen på elsertifikat  vil variere dei komande åra, mellom anna avhengig av kor mykje fornybar kraft som vert produsert.  

Du kan lese meir om ordninga på

http://www.energinorge.no/elsertifikater/sporsmalogsvar/

eller på

http://www.nve.no/no/Kraftmarked/Elsertifikater/

Du kan òg ringe NVE sin kontakttelefon 09575  

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as