Kontakt mellom dansk helikopter og 300 KV luftspenn over Langenuen 

Kontakt mellom dansk helikopter og 300 KV luftspenn over Langenuen

 

Kl 05:25, fredag 4. september var det kontakt mellom eit helikopter frå det danske forsvaret og SKL sin høgspentleidning, som går i luftspenn over Langenuen mellom Tysnes og Stord.

Helikopteret deltek i ei militærøving i området. Det er rapportert om mindre skader på helikopteret.

SKL har hatt linjebefaring av 300 KV luftspennet fredag føremiddag, og konstatert skade på den eine av i alt 4 leidningar i luftspennet. Skaden er førebels ikkje vurdert som kritisk i høve til forsyninga i området. Det vert arbeidd vidare med å kartleggje meir langsiktige konsekvensar av skadane.

Offentlegjord 04.09.2009 
Kontaktperson: Jan Petter Myhre (informasjonsleiar)
Telefon 53 49 60 00

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as