NVE tilrår løyve til overføring av øvre del av Eikemovassdraget
SKL har søkt om løyve til å overføra øvre del av Eikemovassdraget til Blådalsvassdraget som ein sentral del av "Generalplan for Blådalsvassdraget".
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje SKL Produksjon AS løyve til å overføre øvre del av Eikemovassdraget til Nedre Vetrhusvatn i kommunane Etne og Kvinnherad i Hordaland. Overføringa vil gje ein auke i årleg produksjon på omlag 65 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 3 250 husstandar
Overføringa er planlagt nytta i eksisterande anlegg og inneber ingen nye kraftverk eller reguleringsmagasin.
NVE finn at den samfunnsmessige nytten av overføringa er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser. Restvassføringa i vassdraget vert betydeleg og NVE meiner at med dei avbøtande tiltaka som er foreslått, og med gode tekniske og landskapsmessige utformingar, vil området behalde mange av sine kvalitetar.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
|
|