NVE gjev konsesjon til Eitro Kraftverk 

Konsesjon til Eitro Kraftverk

NVE gjev Eitro Kraftverk AS løyve til å byggje Eitro kraftverk i Fusa kommune. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 9,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 500 husstandar.

Eitro kraftverk vil nytte eit fall på omlag 500 meter i Eitroelva. Kraftverket vert bygd med vassveg i tunnel og røyrgate frå inntaksdammen og fram til kraftstasjonen. Inntaksdammen skal byggjast veglaust.

Eitro Kraftverk AS er eit samarbeidsprosjekt mellom Fusa Kraftlag og SKL, der SKL eig 51% av aksjane.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as