Ny småkraftavtale inngått
Fusa Kraftlag og SKL Produksjon har saman inngått ein avtale med grunneigarar om at ein i fellesskap skal greia ut om det er råd å byggja eit kraftverk ved Gjøn i Fusa. Prosjektet har fått namnet Blåura kraftverk.
Prosjektet har eit bruttopotensial på over 60 GWh, og er såleis den største avtalen av denne typen som SKL har inngått. Frå før har Fusa Kraftlag og SKL ein avtale om utbygging av Gjønaelva på ca. 10 GWh. Dette prosjektet er konsesjonssøkt og går vidare uavhengig av det nye prosjektet.
Prosjektet er så stort at det krev melding om konsekvensutgreiing etter Plan- og bygningslova. Arbeidet med denne meldinga startar straks over ferien.
Blåura kraftverk skal utnytta kraftpotensialet som ligg i nedbørfelta kring Gjønakvitingen. Inntak vert om lag på kote 790, med avløp til Gjønavatnet.
Det vil venteleg ta eit 3 - 4 år før ein konsesjonssøknad kan verta godkjend. Deretter ser ein føre seg ei utbyggingstid på om lag to år.
I konsesjonssøknaden vil det verta lagt stor vekt på å kartleggja verknadene for natur og miljø, og på tiltak som kan gjera desse verknadene minst mogleg.