Rekordstort straumforbruk 

 

Kulda gjer at me set rekord på rekord i forbruk av straum
Straumnettet vårt er sterkt, og  skal tåla dette ”råkøyret” , men me er meir sårbare for feil i nettet. Det er viktig at me brukar straum på ein omtenksam måte. Største belastningane er det i morgontimane mellom kl 08.00 og 10.00, og på ettermiddagen, når dei fleste skal laga middag. Dette seier adm.dir Asbjørn Tverdal i SKL Nett AS.

- Det kan vera lurt å ikkje setja på vakemaskin, turketrommel mm medan ein kokar middag. På den måten kan ein unngå dei høgaste toppane i straumforbruk. Tilsvarande er det om morgonen. Med omtanke og normal bruk av straumkjelder kjem dette til å gå heilt fint. Viktigast av alt er at folk ikkje skal frysa. Men bruk gjerne ved, pellets eller olje i tillegg til elektrisk oppvarming.

Tenk EL sikkerhet
Moderne bustadar har normalt gode og sikre elektriske anlegg. Men dersom du har eldre inntakssikringar av ”skru-typen”, kan det vera lurt å sjå at desse er godt tilsnørde. Kjenn også etter at dei ikkje er svært varme. Er dei det, bør du kontakta installatør.

Eit godt råd er å kjenna etter høg temeperatur i alle elektriske koplingar, brytarar, skøytekontaktar med fleire uttak osv. Dette seier installasjonsinpektør Bjarne Bunes, som har lang røynsle i å sjå etter at heimane våre er EL-sikre.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as