Målaravlesing
Målarstanden kan meldast på SMS til 2258, MI SIDE på www.skl.as, eller gratis målaravlesingstelefon: 800 68 202.
Etter ønskje frå kundane våre fakturerer me straumfaktura til hushaldskundar og næringskundar kvar månad frå 1.1.2009.
Me ynskjer at de les av straummålaren den første i kvar månad, og faktura vert sendt ut med forfall den siste i månaden.
Ein grei huskeregel kan gjerne være at forfall på straumfakturaen og avlesing av straummålaraen skjer ved kvart månadsskifte.
Me tilbyr også avtalegiro og E-faktura. Dersom du vel E-faktura, vil du motta fakturaen din rett i nettbanken. Med avtalegiro i tillegg til E-faktura, vil fakturaen automatisk leggje seg i forfallsregisteret i nettbanken, og verta betalt på forfallsdagen. For å koma i gang med E-faktura eller avtalegiro, kan du ta kontakt med banken din eller bestilla tenestene gjennom nettbanken din.
|
|