SKL får konsesjon til å overføra øvre del av Eikemovassdraget til Vetrhusvatnet 

 Konsesjon til SKL

SKL (Sunnhordland Kraftlag) har i Statsråd i dag 24. juni fått løyve til å overføre øvre del av Eikemoelva i Etne kommune til Vetrhusvatnet i Kvinnherad kommune. Regjeringa har med det fylgt NVE si tilråding om å slutte seg til SKL sine planar for opprusting og utviding av kraftproduksjonen i Blådalsvassdraget. Overføringa av vatn frå øvre del av Eikemoelva vart konsesjonssøkt 26. september 2007. 

-Denne tillatelsen viser hvordan vi kan utnytte eksisterende vannkraftstruktur bedre. Overføringen vil gi et verdifullt tilskudd av fornybar kraft med god reguleringsevne. Samtidig ivaretar vi hensynet til en framtidsrettet næringsutvikling i denne delen av Sunnhordland. Hensynet til miljø og natur blir ivaretatt gjennom avbøtende tiltak, seier statssekretær Eli Blakstad i Olje- og energidepartementet. 

SKL har utarbeidd ein generalplan for opprusting og utviding av kraftproduksjonen i Blådalsvassdraget. Planen er samansett av fleire delprosjekt med eit samla energipotensiale på vel 300 GWh/år. SKL er komen langt med gjennomføringa av planen. Viktige gjennomførte prosjekt er Staffi kraftverk - sett i drift i mai 2000, Blåfalli V kraftverk - sett i drift i juni 2003, og Blåfalli Vik kraftverk - sett i drift i mai i 2007. 

Overføring av øvre del av Eikemoelva til Vetrhusvatnet er eit av dei større prosjekta i generalplanen som til nå ikkje er realisert. Det overførte vatnet skal nyttast i beståande magasin og kraftverk i Blådalsvassdraget. Det vil gje tilleggsproduksjon i dei to beståande kraftverka Blåfalli III og Blåfalli Vik med ca. 63 GWh/år. Dette er, gjennom vasslepp og minstevassføring, noko redusert i høve til omsøkt prosjekt. 

Eit stort fleirtal av høyringsfråsegnene har vore positive til utbyggingsplanane, og NVE har vurdert dei negative verknadene for ålmenta som små.SKL vil vurdere konsesjonen med sikte på snarleg utbygging.

Ordførar i Kvinnherad kommune, Synnøve Solbakken,  seier i ein uttale at ho er glad for at det er gjort vedtak i denne viktige saka, og at utfallet vart positivt. Dette er viktig for framtidsretta utvikling og verdiskaping i kommunen. 

Ordførar i Etne kommune, Sigve Sørheim, uttalar at han er glad for det positive vedtaket, og ser fram til at arbeidet kan ta til.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as