Fredag 13. februar oppstod det ein feil i kraftstasjonen i Blåfalli Vik. Nokre av komponentane i kraftstasjonen er øydelagde, mellom anna magnetiseringstransformatoren og dei tre reaktorane som skal avgrensa kortslutningsstraumen.
I løpet av ein kort periode oppstod ein enorm varmeauke, slik at det danna seg ein lysboge. Resultatet vart ei kortslutning - med påfylgjande stikkflammar, trykkbølgje og ein høglydt smell. Det var ikkje personar til stades i området der uhellet skjedde.
Alle tryggleikstiltak fungerte som dei skulle, og straumproduksjonen vart kopla ut etter at feilen oppstod. Vasstilførsla vart også automatisk stengd.
Driftssentralen til SKL på Stord registrerte hendinga umiddelbart. Fem minutt seinare var beredskapsvakta framme på staden, og i løpet av nye fem minutt var også SKL sine eigne røykdykkarar på plass.
Kraftstasjonen vil vera ute av drift i ein periode. Skadeomfanget må avklarast, og nye komponentar må bestillast og monterast. Denne prosessen kan ta flere veker, alt etter leveringstida på delane.
Straumforsyninga til kundane i området går som normalt.