Kraftig vind tok straumen
Sundag 27. november felte den kraftige vinden fleire tre over høgspentlinene frå Sageneset i retning Fjellgardane og nordover mot Grov og Agdestein. Dette førte at nokre hundre av kundane våre var utan straum i ein periode. Mange av desse fekk straumen tilbake etter ca ein time, medan dei som venta lengst hadde straum igjen etter omlag to og ein halv time. Ikkje mindre enn 4 arbeidslag var ute i uvêret, for å retta feila så snart som råd.