Referansar

Leirvik Taxi:

– Utover miljøgevinsten, sparar me mellom tre og fire tusen kr. månadleg i drivstoffutgifter med den eine gassdrivne Mercedesen. Me vil definitivt satsa på fleire CNG-bilar frametter fortel ein fornøgd Ådne Heggland i Leirvik Taxi.

Fylkesnes Bil AS:

Fylkesnes Bil hadde ei utfordring med oppvarming av 4000 kvm lokale som verksted og bilsalgsområde der dører vert opna og lukka minst 80 til 100 ganger i døgnet.

Valget fall på installasjon med strålevarmepanel og temperaturstyring. Oppvarmingstida er svært kort, slik at fyringsutgiftene enkelt kan reduserast med inntil 50 %

– Med strålevarme blir det varmt det som skal vera varmt; folk, bilar og verktøy. Varmen er behageleg, og me treng ikkje fyra for kråka lenger, seier Kjell Fylkesnes, dagleg leiar i Fylkesnes Bil.

Stord Sjukehus

SKL og Helse Fonna inngjekk ein intensjonsavtale i 2007 vedrørande leveranse av naturgass. I samarbeid med Eta energi AS vart det gjennomført eit forprosjekt for å kartleggja varme- /effektbehov og sparingspotensiale ved bruk av naturgass. Resultatet var svært oppløftande.

Etter gjennomført forprosjekt, vart det montert inn ein gasskjele som gir ein betydeleg miljøvinst samanlikna med ein oljekjele. Co2 utslepp er no redusert med 34% og utsleppet av nitrogenoksid (NOx) er redusert med heile 73%. Med betre virkningsgrad på kjelen vil ein lettare kunna justera ned temperaturen i rom som ikkje er i bruk, dette fører igjen til mindre behov for energi til drift av pumper.

Innsparingstid for investeringa er 2 til 3 år.

Naturgass til bil

Naturgass til industri

Naturgass til bolig

Naturgass til leilegheit

SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as