Betre miljø med naturgass
DRIVSTOFF:
Til liks med bensin og diesel er naturgass eit fossilt drivstoff. Men fordelen med CNG er at gassen er fri for svovel, dermed vert det ikkje danna sot og svevepartiklar ved forbrenning. CNG bidrar såleis til å redusera klimautslepp, både lokalt og globalt.
OPPVARMING:
Det meste av energien som vert nytta til oppvarming her til lands, kjem frå vasskraft – som er ei rein energikjelde. Men i vinterhalvåret hender det at det er vasskraftmangel hjå oss, og at me difor må importera kraft frå ureine kjelder i Europa. Då er naturgass eit langt meir miljøvenleg val enn energi frå anna fossilt brensel.
I tillegg gir naturgass ei meir effektiv og kjapp oppvarming, og eit betre innemiljø.