Spørsmål og svar.
CNG Fyllestasjon
Kva betyr CNG?
CNG (compressed natural gas) er naturgass som er komprimert til rundt 200 bars trykk. CNG stasjonen på Heiane vest får naturgass levert i 4 bars røyrnett frå Eldøyane, der det står ein 105 m3 tank med flytande Naturgass (LNG)
Kan ein nytta bensin dersom naturgass ikke er tilgjengeleg?
Naturgass kan nyttast i bilar som er tilpassa CNG (Compressed natural gas). Mange bensinbilar kan byggjast om, og det finnest i dag bilmodellar som blir levert frå fabrikk med gassdrift. Alle desse bilane er óg utstyrte med bensintank slik at dei kan nyttast, sjølv om det ikkje skulle vera tilgang på naturgass.
Generelt:
Kva er skilnaden på propan og naturgass?
Den største skilnaden kundane skal vera oppmerksame på er at propan er tyngre enn luft og vil synka til golvet ved ein eventuell lekkasje. Naturgass er lettare enn luft og vil stiga opp ved ein eventuell lekkasje. Forøvrig har propan eit høgare karboninnhald og ved forbrenning vil det vera høgare CO2-utslepp pr. kWh enn ved naturgassforbrenning. Ein annan skilnad er at ein vil trenga litt større røyrdiameter for å få fram rett energimengde til utstyret ved bruk av naturgass enn ved propan. Dette sidan energitettleiken er større hos propan. Ved dimensjonering av røyr i anlegg for gassbruk på Stord blir dette teke omsyn til av den lokale røyrleggjaren. Dette gjer at dei som har valgt propan i ein tidleg fase, alltid kan konvertera til naturgass, dersom dei ynskjer det.
Kva miljøeigenskapar har naturgass?
Naturgass er eit produkt som gjev svært låge utslepp av CO2 (karbondioksid) og er det reinaste brenselet som er tilgjengeleg i dag. Naturgass er ikke giftig, er lettere enn luft og vert fort oppløyst i friluft. Naturgass forureinar heller ikke jord og vatn.
Vegtrafikk og kysttrafikk er kildene til ca. 70% av NOX-utsleppa i Norge. Utslepp av NOX bidrar til lokal helsefarleg luftforureining og forsuring av skog og vatn. Naturgass gjev vesentleg lågare utslepp av NOX enn diesel og noko lågare enn bensin.
Kvar kjem naturgassen frå?
Naturgass kjem frå olje- og gassforekomstane i Nordsjøen. På prosesseringsanlegga vert naturgass skild ut og frakta via røyrledning til kundar, hovudsakleg i Europa. Både Lyse og Gasnor som naturgassdistributørar i Norge, har greinledningar som fraktar naturgass til dei for vidaredistribusjon til sluttbrukarar i Norge. Naturgass vert distribuert som CNG (trykksatt naturgass) eller som LNG (nedkjølt naturgass til -162 grader, i flytande form).
Korleis vert naturgassen transportert?
Norske sluttbrukarar får naturgass gjennom lokale røyrnett. På Stord har me eit lokalt mottaksanlegg for LNG. På anlegget fordampar den nedkjølte naturgassen slik at den går over i gassfase att. Røyrnettet på Stord har 4 bars trykk.
Kva er fordelane med å bruka naturgass til oppvarming i bolig?
Naturgass er eit kostnadseffektivt produkt som er skånsomt både for miljøet og lommeboka.
Naturgass har eit høgt energiinnhald og ein gasskjele har høg virkningsgrad. Det vert danna minimalt med sot ved forbrenning. I dei fleste tilfelle unngår ein skorstein og lar til- og frå-luft gå direkte via ein ventil i vegg eller over tak. Med ein gasskjele har du alltid varmt vatn i varmtvasstanken som følge av gassens evne til umiddelbar oppvarming.
Naturgass kan brukast til ca 75% av energibruken i boligen. Gasskomfyr, oppvarming, grill, peiskos og varmt vann til forbruk og eventuell vannbåren varme.
Korleis er naturgass samanlikna med andre oppvarmingsalternativ?
Miljøaspektet i høve til ved og fyringsolje er overlegent med tanke på utslepp/avgassar både for nærmiljøet og globalt sett. Naturgass er og eit langt meir komfortabelt alternativ enn ved, fyringsolje og pelletsfyring når det gjeld handtering, lagring og reingjering.
Kva blir investeringskostnadene?
Lokale røyrleggjarar vil gje pristilbod på investeringane. Generelt kan ein seia at investeringskostnadene ved gass ikke treng å kosta meir enn andre oppvarmingsalternativ.
Ansvar og vedlikehald?
Jamfør ”Veiledning om gassanlegg”, har eigar og brukar ansvaret for regelmessig kontroll av gassanlegget. Det vert anbefalt at eigar/brukar inngår skriftleg avtale med gassinstallatørfirma om slik regelmessig kontroll.
Er det nokon fare knytta til bruk av gass?
Tryggleiksspørsmåla rundt handtering av gass og tilhøyrande utsyr er vel gjennomarbeidd i nært samarbeid med syresmaktene (bl.a. DSB – direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Statens byggtekniske etat). Risikoaspekt blir i dag teke i vare på best mogeleg måte innan bransjen.
Røyrframføring til abonnentskap på yttervegg er sikra gjennom 3. partskontroll. Serviceavtalen med installatør av gassutstyr og røyropplegg innandørs, dekkjer og kontroll av gassystemet.
Heile anlegget innomhus har eit lågt gasstrykk: 20 mbar for naturgass og 30 mbar for propan.
Som naturgasskunde hos SKL, kan du vera viss på at tryggleik kjem i første rekke og har sterkt fokus i alle ledd.
Er det noko ungane kan skada seg på?
Som ved andre komfyrar skal ein vera varsam når ungar er i nærleiken. Ein naturgasskomfyr vert óg varm, i tillegg skal ein vera oppmerksam på at gasskomfyren har open flamme. Nettopp flammen gjer gasskomfyren til det foretrukne oppvarmingsredskapet hos mesterkokkane.
Alt gassutstyr i Norge har flammevoktar som gjer at gasstilføringa vert stengt etter eit par sekundar dersom gassen ikkje vert tend, eller om flammen skulle blåsa ut.
Forøvrig er det ikkje fleire risikoelement for ungar i bolig der det vert nytta naturgass, samanlikna med andre konvensjonelle alternativ.
Kva ansvar har SKL?
SKL har ansvar for å leggja og vedlikehalda røyrledning frem til kunden.
SKL monterer abonnentskap med nødvendig målarutstyr på yttervegg hos kunde. Inni abonnentskapet går normalt grensesnittet mellom kunde og SKL.
SKL står for kontroll, testing og driftsetting av anlegg fram til huset. Gassinstallatør står for kontroll av innretningane inne i huset. I tillegg har SKL valgt å ha 3.partskontroll på heile anlegget. Før driftsetting av gass skal all dokumentasjon frå gassinstallatør vera forelagt SKL.
Kva material vert nytta i rørledningen?
Utvendig vert det nytta plastrøyr av PE-material. Desse ligg nedgravd med ei overdekning på 0,6 – 1 meter. Innvendig vert det nytta stålrøyr, koparrøyr eller nedstøypte PEX-rør.
Kva for normer/reglar gjeld for installasjon av gassutstyr?
Krav få styresmaktene styrer denne prosessen. Til dømes ”Brann- og eksplosjonsvernloven”, ”Forskrift om brannfarlig og trykksatt stoff”, ”Forskrift om brannfarlig vare”, ”Forskrift om gassapparat og utstyr”, ”Veiledning om gassanlegg” og Norsk Gassnorm. Alt arbeid som vert utført i samband med gassanlegg skal utførast av Gassteknikar med eige sertifikat. Desse personane skal vera tilknytta eit firma der fagleg leiar óg har Gassteknikar-sertifikat.
Korleis er framtida for naturgass som energikilde?
Det finnest gassressursar i Norge som ein reknar vil halda til ca 100 års forbruk. Då er og all eksport av gass inkludert.