Anleggsbidrag 

SKL sett i verk ny praksis for berekning av anleggsbidrag frå 01.01.2011.

Utrekning av anleggsbidrag

Anleggsbidrag vert gjennomført etter SKL sine til ein kvar tid gjeldande standard tilknytningsvilkår og retningslinjer og i tråd med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin ”Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer” (§17-5 Anleggsbidrag). Forskrifta finn du på www.lovdata.no/for/sf/oe/oe-19990311-0302.html.

I forskrifta står det mellom anna:
Nettselskapene kan fastsette et anleggsbidrag for å dekke anleggskostnadene ved nye nettilknytninger eller ved forsterking av nettet til eksisterende kunder. Anleggsbidraget skal beregnes ut fra kostnadene som følger av kundens tilknytning til nettet.
Anleggskostnad settes lik nødvendige kostnader ved tilknytning eller forsterking, inklusive timeverk for personell, maskiner og utstyr. Nettselskapet kan fordele anleggsbidraget mellom kunder som tilknyttes nettet på ulike tidspunkt”

Kostnaden kvar einskild kunde skal betale er samansett av kundespesifikke kostnadar pluss eventuelt del av kostnadar for felles anleggsdelar. Felles anleggsdelar er anlegg som forsyner fleire kundar og vil kunne omfatte nettstasjon inklusiv transformator og brytaranlegg, høg- og lågspennings linjer og kablar og fordelingsskap.

Effektbehovet er dimensjonerande når vi byggjer nettanlegg. Kostnadane for felles anleggsdelar vert difor delt mellom kundane i høve til den einskildes behov for effekt.

SKL Nett vil likevel dekke deler av investeringskostnadane for det aktuelle anlegget i form av eit botnfrådrag. Dette utgjer 30.000,- per stikkleidning/overlastvern. Botnfrådraget gjeld ikkje for anleggsarbeid som kabelgrøfter, vegkryssingar, flytting av kablar, kabling av linjer m.m. som kunden dekkjer sjølv.

For produksjonsrelaterte anlegg skal alle kostnadar dekkast med anleggsbidrag. 

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as