Udanningsmessa 2009 

Utdanningsmessa på Stord januar 2009

 

Den årlege utdanningsmessa i Sunnhordland gjekk føre på Stord
21. – 22. januar. Her var over 60 utstillarar representert og meir enn 2 500 ungdommar var innom. Av utstillarar kan nemnast vidaregåande skular, høgskule og universitet, folkehøgskular, bedrifter, offentlege institusjonar og opplæringskontor.

Det er blitt ein tradisjon at det vert delt ut eit utdanningsstipendet på kr 25 000,-. I år var den heldige Silje Framnes. Ho studerer grafisk design ved Nippon Design College i Tokyo someinaste utlending! Japansk har ho studerttidlegare ved Universitet i Bergen.Pengane skal ho bruka til åbetala skulegong i Tokyo og målethennar er å komma tilbake til regionen og finne seg jobb når ho er ferdig om to år.

Stipendet vart delt ut av Magne Heimvik, konsernsjef i SKL. Det er SKL som er sponsor for dette stipendet.

SKL deltok sjølvsagt på utdanningsmessa og dei utsendte på SKL standen fekk snakka med masse ungdommar. Dei som besøkte standen fekk høyre at vi har masse spennande jobbar og svært varierte yrkesgrupper – alt frå økonomi, IKT, administrative stillingar, markedskompetanse til ingeniørar og fagarbeidarar. I tillegg er SKL ein trygg og sikker arbeidsplass.

Arrangør for utdanningsmessa er Stord Rotaryklubb.

 
SKL AS, Postboks 24, 5401 Stord | Tel: 53 49 60 00 | Fax: 53 41 41 70 | Epost: post@skl.as